søndag 20. juli 2014

Bærkjerringa har hatt bursdag!
Strawberry Shortcake laga av David.

På side 584 i "Joy of Cooking" står det:
"Fluffy biscuits or Shortcake dough.

2 cups flour, sift with
2 1/2 ts baking powder
1 1/4 ts salt
1 ts sugar
Cut in 
1/8 to 1/4 cup butter
Add
3/4 cup milk or cream
Stir lightly into the flour mixture, using a fork. Turn dough onto a floured board. Knead lightly for 1/2 minute. Pat to the thickness of 1/4 inch. Cut with a biscuit cutter. Bake for 10-12 minutes at 450 F (som er 230 grader C).

Avkjølast, del i to og ha rikeleg med vaniljeis, piska krem og bær både inni og oppå. M M M!




Bærkjerringa elskar bær, difor vart det servert: Moreller og bringebær frå hagen. Blåbær som Heidi plukka på hestebeitet i Krundalen. Molte frå Feigedalen, heilt nyplukka, difor var Aili litt sein før ho kom til selskapet. Vaniljeis, fløyte og vaniljesaus kom frå Leris-bui.
M M M!


Bærkjerringa er også veldig glad i blomster. Denne blomsterkaka laga Ida. Den er ei vegan og raw food-kake, har søt nøttebunn, og kremen er laga av cashewnøtter og er krydra med sitron og lavendel. Og all pynten kan etast. Her er oppskrifta:  

http://www.thisrawsomeveganlife.com/2012/01/lavender-cheesecake-with-lemon-honey.html

M M M!

Alle som vil smake slike deilige kaker, bør gå på besøk til Ida eller Aili. 

1 kommentar:

  1. mmm, såg godt ut ja! Eg er av og til litt sein i svingen, så det er ei stund sidan eg har vore inne og kikka på bloggen din.., men SÅÅ fine bilete og inspirerande godsaker det var her!

    SvarSlett